For ein månad sidan starta Uskedal Historielag eit nytt tilbod med å visa fram det fysiske bildearkivet på Kafè Tiaren. Dette var særs vellukka, og responsen og interessa var god utover i kafèøkta. Kafèen opnar som vanleg kl.11, og om lag ein halv time seinare vil historilaget vera på plass med permar med bilde. Denne gongen vil dei ha med seg fire permar. Dei to som var med sist, blir med denne gongen og, i tilfelle nokon gjekk glipp av dei. Dessutan blir det to nye permar med bilde. Det er veldig mykje interessant i dei 4 permane.
Sist merka vi at nokre også kunne namn på ikkje namnsette personar på nokre bilde. Dette vil bli fulgt opp meir systematisk og registrert.
Då er det berre å sei velkomne til ei kjekk stund på Kafè Tiaren med kaffi, god mat og god drøs, og der ein del av praten er rundt minnene knytta til dei gamle bilda. Over ser vi Arnhild Myklebust (nærast) og Martha Bakke då dei studerte bilda sist gong.

Tekst: Uskedal Historielag
Foto og nett: Thor Inge Døssland