Den sosiale møteplassen opnar 4. oktober.

Mange har etterspurt uformelle og sosiale møteplassar i bygda. No oppfyller styret i Uskedal Utvikling dette ønskjet. Fredag 4. oktober opnar dei kjellaren i Gamleskulen for nettopp dette.
– Vi lagar kaffi. Vi har også nokre spel som sjakk, dart, yatsy og slikt. Dei som treng noko meir enn kaffi og spela våre, kan ta det med, seier leiar i Uskedal Utvikling, Gunn Mari Moberg. Ho har stor tru på opplegget og håpar på god respons. Underteikna anbefaler då at ein kan ta med seg Rummy, og Gunn Mari nikkar.
– Ja, det er kjempegøy! Ho lurer på korleis vi vil ha det på kjellarkveldane som styret håpar skal bli eit fast tilbod. Dei vil høyra kva dag som passar og kor ofte det bør vera.
Første kvelden blir i alle fall fredag 4. oktober. Kjellaren er open frå kl.19 til 23, og aldersgrensa er sett til 18 år.
Styret fortener absolutt ros for tiltaket, og det er å håpa at mange stiller. Det bør bli kveldar med god drøs og godt humør i godt selskap.

Styret i UU er tydelegvis inne i ein god stim. Allereie tysdag 1.oktober er det jo lesestund og kvelds med Mona Vetrhus, og styret har fleire kjekke ting på blokka framover.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland