Sparebank 1-stftinga Kvinnherad inviterer til gåveutdeling måndag 13. november kl. 18.00 i Festsalen på Kulturhuset Husnes. Det kom inn 170 søknader innan fristen. Samla søknadssum var 23 millionar kroner. Med så mange søknader seier det seg sjølv at ikkje alle når opp med sine søknader i denne omgang. Alle som vert tildelt gåve, er tilskrivne og inviterte til markeringa på måndag. Frå Uskedalen er det alltid søknader. Så langt vi kjenner, er det gåver til fleire prosjekt i Uskedalen. Gåva frå SpareBank 1-stiftinga er viktig for å halda oppe motivasjonen og den store frivillige innsatsen for å skapa varierte aktivitetar, særleg for born og ungdom i bygdene. Bilete syner tidlegare tildeling til Uskedalen.

Tekst/nett: Kristin Bringedal
Foto: Arkivfoto