Sist helg kom ny flaggstong på plass ved lagshytta Fjelly. Ungdomslaget rettar ei stor takk til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som gjorde det mogeleg å få flaggstonga på plass så raskt etter at den gamle tok knekken i ein vinterstorm. Styret ser fram til 1. mai med strålande ver. Då skal flagget til topps i samband med ny pop-up kafe.

Prosjekt ny vedomn vart realisert med mindre middlar en det som var omsøkt frå stiftinga. Resterande beløp er søkt omdisponert til ny flaggstang, radio og kikkert. Flaggstang og radio er allereie på plass på Fjelly.

Brit Iren Tjelle Østebø og Hans Ordin Østebø med flaggstonga i to deler.
Tekst/foto: Hytestyret
Nett: Kristian Bringedal
Rev. Hans Ordin Østebø