NORWEGIAN GANNET var innom Uskedalen idag. Skipet er bygd i Spania 2018 for det norske rederiet Hav Line. Skipet er eit flytande slakteri, ein bløggbåt for oppdrettsnæringa. Så langt uskedalen.no kjenner til vart turen innom Storsund gjort for å helsa på slekta. Det har seg slik at Åshild Haukanes er syskenbarnet til kapteinen Sigmund Våge. Ho er dessutan tante til ein læring ombord. Åshild bur på Gravene på Haugland og har familie i Uskedalen. NORWEGIAN GANNET med ein tonnasje på 5 893 tonn har ei lengde på 94 meter. Det var mykje merksemd rundt skipet dei fyrste åra. Det hadde samanheng med bemanning og den funksjonen skipet har i dag. NORWEGIAN GANNET er det fyrste i sitt slag der ein slaktar, tilverkar og frys ned fisken og står for transport fram til hamner på kontinentet. Hirtshals i Danmark er ei mykje brukt hamn for levering. Ein annan kvinnhering, Kjell Rune Gausvik frå Herøysundet, er overstyrmann ombord

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs