I dag har det virkelig vært ein spennande og kjekk dag i Oslo. Dei ulike slutt-spela er godt i gang, og det er nervepirrande når det no er vinn eller forsvinn for dei ulike laga.

For Jenter 13 er cupeventyret over etter 2-1 tap mot Stolt.

Jenter 15/16 vant 3-1 etter straffekonkurranse mot Vestsiden-Askøy. Dette tok dei vidare til åttandedels-finale mot Furuset i ettermiddag. Ein veldig spennande kamp som til slutt endte med siger til Rosendal 1-0. Det betyr kvartfinale i morgon kl.08:00.

Jenter 15/16 er klare for kvartfinale. Anna Hermann Fossli er innleigd keeper på dette laget.

Gutar 15 starta med 1/32-dels finale mot Oppsal IF der dei var det klart beste laget og det vart siger med stillinga 1-0. Dette tok dei til 1/16-dels finale mot Selection Elite fra Mexico i kveld. Dei spilte jamnt og det såg ut til å gå mot straffekonkurranse. Men i dei siste minutta klarte Mexico få inn to mål, og eventyret er over også for Gutar 15.

Eit anna lag som har vært i ilden i dag, er Jenter 13/14. Dei spela veldig bra mot SMIL og vann med stillinga 5-3. Dermed er også dei vidare til kvartfinale i morgon.

Strålande nøgde jenter på 13/14

Jenter 17 har i dag hatt kviledag, men skal starte på A-sluttspelet i morgon kl.11:30. Om nokon er interessert i å følga kampane live, er det ivrige foreldre som oppdaterer på Facebook på Rosendal Fotball – Liveoppdateringar.

Gaute Lund er ein av dei som er dyktig på live oppdateringar på Facebook

Trio Gutar 15 måtte i dag takke for seg etter 1-0 tap mot SK Rival. Så då er det totalt tre lag vi kan følgja vidare i morgon.

Tekst/nett: Marianne Korsvold
Foto: Cecilie Opedal / Marianne Korsvold