Norway Cup Dag 2
Det vart enda ein flott dag i Oslo med sol og god stemning. Mange gode kampar og stort engasjement både blandt spelarar og supportere på sidelinja. Nokre tap, men også siger i dag.
Først ut var Guter 15 mot Langfjorden FK Skåka. Her var stillinga 1-1 til pause, men i andre omgang ender kampen med 4-2 til Langfjord.
Jenter 15/16 som gjekk på eit stort tap i går, klarte i dag å slå Eid 2-1. Det smakte skikkeleg godt med siger og jentene har fått ny sjølvtillit før dei skal spele to kampar i morgon.

Jenter 13/14 spelte i dag mot Sykkulven, og spelte veldig bra. Dei var noko uheldige og gjekk diverre på eit nytt tap med sluttresultatet 5-2.
Jenter 13 kjempa på og møtte eit fysisk sterkt Hødd-lag. Mileah Myklebust får ros for sin jobb i forsvar. Men likevel ender det med eit tap også i dag med stillinga 2-0 til Hødd.
Siste kamp for Rosendal vart spelt kl.20.00 i kveld der Jenter 17 møtte KFUM. Her gjekk dei av med sigeren og stillinga 3-0. Martine Myklebust og Anna Simone Enes scora to av måla.
Vi må heller ikkje gløyme Trio sitt Guter 15 lag der Uskedølingen Markus Kristiansen speler. Dei spela i dag 2-2 mot Pakistan og i går spela dei 1-1 mot Kolbotn.
I morgon er siste dag med gruppespel, så får vi sjå korleis sluttspela blir vidare. Kan rapportere om kjekke dager med Cup-liv.
Tekst/foto/nett: Marianne Korsvold