På U-21 landslaget no, men vegen kan bli kort til A-landslaget.

Dei som følgjer med i norsk fotball denne sesongen, har nok ikkje unngått å leggja merke til den gode sesongen til Tromsø sin 2,01m høge midtstoppar, Tobias Kvalvågnes Guddal. 22 åringen, opphaveleg frå Sveio, har tatt eliteserien med storm etter overgangen frå Bryne der han i fjor hadde ein særs god sesong. Av fotballekspertar har spelet hans blitt karakterisert som eventyrleg godt i kamp etter kamp, og svært anerkjente ekspertar spår at han blir Norges neste store midtstoppar. Det kjem godt med i ein posisjon der landslaget har slite dei siste åra. Denne sesongen spelar han på det gode U-21 landslaget som i næraste framtid skal spela to avgjerande kampar for å kvalifisera seg til EM-sluttspel. Det færre nok veit, er at han er barnebarnet til ein særs god tidlegare Uskedal-spelar, Bjarne Guddal.

Tobias Kvalvågnes Guddal har hatt ein super sesong i Tromsø-drakta.

Tobias Guddal spelar midtstoppar, same posisjonen som bestefaren spela på Uskedal IL sitt A-lag på 60-talet. Bjarne var i det heile eit stort idrettstalent, også god i friidrettsøvingar. Han vart rekna som ein støttespelar på Uskedalslaget som på den tida hadde mange gode spelarar. Han var på den tida i bakarlære hos bakar Sætre, og det blir fortalt at den atletiske ungdommen var populær blant jentene. Ein gang var han uheldig og fekk rive sund buksa si under kamp. Heldig var då den jenta som fekk vera med han i skogen ved sida av banen på Heio og fiksa buksa.
Pål Haugland spela saman med Bjarne og hugsar han som ein bauta i forsvaret. Han fortel også at son hans Tørres, far til Tobias, var eit spesielt talent i ungdomsskulealder.
I morgon skal Tobias Guddal spela mot FKH i Haugesund. Då vil farmor Mette frå Dimmelsvik, foreldra og familien elles vera på tribunen. Kanskje det er uskedelingar på tribunen og? Det blir ein spennande kamp som er svært viktig for FKH som kjempar febrilsk i botnstriden i elitedivisjonen.
Det kan bli meir Guddal i sportsspaltene i åra framover. Ikkje berre om Tobias, men han har tre yngre søstrer som gjer seg gjeldande på høgt plan i ulike idrettar. Litt av ein idrettsfamilie!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Privat foto.