Nordic Fender ved Styrk Bekkenes og Åsmund Lilleaas var på plass med fylgjebil då Per Korsvold starta den 2500 km. lange sykkelturen frå Uskedalen til Lyon måndag i denne veka. Nordic Fender er ein av fleire sponsorar i innsamlinga til kreftsaka. Per har fylgjebil med fram til Kristiansand der han kjem i kveld for overnatting og avreise med ferje til Hirtshals i morgon. Per Korsvold melder på Facebook at kl. 10.00 i dag var det avreise frå Hovden. Turen ned Setesdalen er igang.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal