Visste du at Nora var det mest brukte namnet i landet i 2021. Eit meir sjeldan namn er Enaya. Dåpsborna med foreldre, fadrar, slekt og vener var samla i Uskedal kyrkje i dag på det som er 5. sundag i Openberringstida. Preiketeksten var henta frå Johannes, kap. 5, 1-15 og har overskrifta: Den sjuke ved Betsada. Bilete syner dåpsborna Nora Reime Johansen og Enaya Legland saman med foreldre.

Soknepresten Reidar Kringlebotten sang solo Ei sol på frostklår vinterkvelv med tonefylgje av Reidar Algerøy.

Sokneprest i Uskedalen, Kjetil Kringlebotten, var liturg. Pensjonert organist, Reidar Algerøy, sat ved orgelet. Med tonefylgje av Algerøy song soknepresten Kjetil salmen Ei sol på frostklår vinterkvelv. Det er ein natursalme som handlar om korleis Gud i sin kjærleik skaper naturen og gjer den uendeleg vakker. Teksten handlar også om dei dagane i livet då alt ser myrkt og kaldt ut.

Offeret i dag gjekk til det lokale kyrkjelydsarbeidet.

Tekst/foto/nett. Kristian Bringedal