"Noen må våke i verdens natt". Mønstring av artistar som song for Reint vatn.
800 millionar menneske lever i dag utan tilgang på reint vatn. Vatn er heilt avgjerande for alt liv, helse, utdanning og arbeidsliv. Den årlege fasteaksjonen i regi av Kirkens Nødhjelp prøver å retta på det. For kr. 300,- kan du faktisk gje ein person reint vatn heile livet. Med god hjelp av konfirmantane, kjende og meir ukjende artistar fekk vi vera med på ein konsert med sterke og gode innslag.

Anja Njøten Leite frå Uskedalen, saman med slektningen Jacoba Njøten Størksen frå Halsnøy, song i duett You say og Fix you med komp mellom anna av Andre Eide og Rebekka Attramadal. Det var ei sterk og solid framføring. Anja var også med då ein trio til avslutning song We shall overcome.
Vi må også ta med at gitaristen i bandet, Sindre Seljeseth, jobbar på Uskedal skule.
Eit innslag som sette inntrykk var då konfirmantane las kvar si bøn og tende lys, mens Andre Eide på flygel og Egil Våge på fiolin spelte svakt i bakgrunnen.

Den vel to timar lange konserten med 11 innslag ( nokre med fleire nummer ) hadde god regi. Lyd og lys med Torbjørn Storegjerde ved miksepulten var som vanleg god. Tekstane var for det meste på engelsk. Gledeleg unnatak var opningsnummeret med Rebekka Attramadal og trioen med Rune Eikemo, Camilla Øvstebø og Carlotte Grydeland, som song på god nynorsk.
Ein annan songar vi la merke til, var den unge Håkon Ulvenes Yndestad frå Ølve. Han har sin bakgrunn får tre år på Kongshaug. Nett no bur han heime og tek privat undervisning i song. Bestefar, Olav Ulvenes (død) vaks opp i Uskedalen. Bestemora, Sølvi Ulvenes, bur i Ulvenes i Ølve.
Eit god innslag var det då Jan Ove Fagerheim og Kristine Hestad med få ord fortalde om turen dei var på til Etiopia. Framføringa vart krydra med film og bilete.

Ordførar Vegard Bjørevik sa fram helsing til dei nær på 300 i salen. Ove Tvedt hadde ein kort appell til slutt om å ta godt imot konfirmantane då dei kjem på døra med bøssene i neste veke.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal