Dei seks folkevalde representantane i kommunestyret frå Uskedalen er klar for politisk arbeid. Etter det konstituerande møte sist torsdag, vart dei fotograferte. Bjørn Olav Tveit ( Ap ) var borte då bilete vart teke. Uskedalen.no har før skrive om posisjonar og verv i utval og komitear. Valkamp og val er ein ting. Noko anna er det då den politiske kvardagen tek til med møte på dag- og kveldstid, utvalsarbeid, prosjekt, kurs, utgreiingar, representasjon og ikkje minst utsendingar til eit mangfald av møte og seminar. Uskedalen.no ynskjer alle lukka til i arbeidet i viktige saker for lokaldemokratiet. F.v: Tove Lill Lakselv, Jostein Saghaug, Thomas Eide, Oddbjørn Kroka og Wermund Vetrhus. Bjørn Olav Tveit var ikkje på plassen då bilete vart teke.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat