Ny kontainer er oppsett ved SPAR USKEDALEN.

Mange har sikkert lagt merke til at det nyleg kom ein ny kontainer for kleinnsamling på parkeringsplassen ved SPAR. Den er plassert inntil gjerdet i byta til Rabben. Det er Fileks AS som står bak desse innsamlingskontainarane, og dei resulterer i ei brtydeleg støtte til to viktige foreningar, – Norsk Luftambulanse og Barnekreftforeningen. Fileks AS blei starta opp i 2015, og mesteparten av kleda, skoa og tekstilane som blir samla inn blir frakta til Aust-Europa og foredla vidare for bruk. Fileks AS har no 230 kontainarar plassert rundt på heile Vestlandet, – berre i Bergen er det 40. Frå 2017 til 2018 blei omsetninga til firmaet dobla. Dermed auka støtta til dei to organisasjonane “deira” også mykje. Dette kjem godt med for desse to viktige og ideelle organisasjonane.

Ein av dei som har uttrykt glede over at det er plassert ein slik kontainar her i bygdene, er Johs Bondhus som bur i Omvikdalen. Han skriv på Kvardagsprat på facebook: “OBS, OBS! Norsk luftambulanse har no fått på plass boks for innsamling av brukte klær ved SPAR butikken i Uskedalen. Har prøvd i eit års tid å få kommunen til å finne ein plass på sin eigedom ein eller annan plass i indre luten, men det var vanskeleg. No har dei hyggelege folka på Spar funne plass på sin eigedom har eg fått vite. ( Når eg har blanda meg bort i dette er det fordi dei berga livet mitt ein gong) Sikkert mange andre og i kommunen med same oppleving. Bruk den, det kjem til nytte enno meir i framtida!!”
Bondhus understrekar at han ikkje har hatt noko med plasseringa ved Spar. Det har dei fiksa sjølv, men han legg ikkje skjul på at han er skuffa over kommunen som ikkje fekk “rævo i gear”.

Eit godt tiltak er det. Det gjeld å bruka den. Vi har nok alle både kle, sko og andre tekstilar som kan komma andre til særs god nytte.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland