Etter vedtak på årsmøte er Uskedal Historielag ein medlemsorganisasjon. Fram til no har det vore ei frivillig sak å vera medlem. No er laget klar for ei formell oganisering med medlemsskap. Årspengane for 2023 er kr. 200,-. Innbetaling anten på VIPPS eller til konto. Hugs at du skriv nanm, evt. adresse og kva innbetalinga gjeld. VIPPS: 763803 – Konto: 3207.37.52026. Les meir om kva medlemsfordeler du får:

  • Redusert pris på årboka
  • Tilbod om kurs i skanning, fotobehandling, registrering, innsamling av minnestoff og arkivering
  • Invitasjon til opne møte/turar med tema, inspirasjons- og læringsøkt

Historielaget har møte- og arkivplass på Stemneplassen. Laget har eiga facebokkside der vi legg ut all viktig informasjon. Innkalling til møte også på e-post. Har du spørsmål, ta kontakt med styret og/eller skriftstyret. Bilete på topp syner tre aktive medlemer i historielaget. F.v: Astrid Haugland, Svein Rimestad og Ståle Eik.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland