Bjørn Moe slepper ny singel i dag.

I dag slepper Bjørn Moe sin 6. singel. Tittelen er denne gongen “River Queen”. Tittelen har bakgrunn i at songen er ein hyllest til elevedronninga i fødebyen hans Odda, den verna elva Opo. Samstundes er det ei påminning om kor brått denne idyllen kan forandrast slik det skjedde ved flaumen i Odda for 8 år sidan. I låten får Bjørn Moe dette meisterleg fram gjennom at låten startar roleg og idyllisk for lengre uti å gå over i kraftfulle parti. I denne variasjonen kjem verkeleg den gode songrøysta til artisten til sin rett. Medan vi lyttar, kan vi og undrast på korleis Bjørn Moe har klart å halda denne flotte barytonstemma skjult bak eit trommesett til han debuterte som låtskrivar og songar 55 år gammal i fjor.
Som vanleg spelar Moe eit kobbel av instrument også på denne singelen i tillegg til at harn tar seg av vokalen. I tillegg til hovudinstrumentet sitt trommer trakterer han også bass, piano og orgel. Thommas Schønberg briljerer på gitar medan Kristin Bergsvik og Gina Aspenes også denne gongen krydrar med suveren koring.
Eg anbefaler å lytta til låten og den kan de gå inn på ved å klikka HER.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Coveret som er designa av Mokka Design v/ Monica Hansen