På løeveggen i Dønhaug Gardsbarnehage finn vi eit julemotiv som kan ha sitt opphav frå eit amerikansk barnedikt så tidleg som i 1821. Det er reinsdyret som dreg nissen i sleden. Dei flygande reinsdyra med horn må vera hodyr. Hannen har til vanleg ikkje gevir i desember månad. Seinare har det vore forska på om samisk utvandring til Alaska på slutten av 1800 talet har forsterka myten om julenissen og reinsdyra. Bakgrunnen for utvandringa var å få inuittane til å starta med reindrift for å hindra svolt og naud. Ein amerikansk reklamekampanje i eit førjuleshow brukte det same motivet, nemleg reinsdyret som dreg den amerikanske Santa Claus i ein slede på si reise rundt med julegåver og på veg til Nordpolen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal