Nils Rainer Vågen frå Skorpo har utvikla seg til ein lovande musikar med euphonium som sitt instrument. Siste året, etter at han fullførte musikklinja ved Stord vidaregåande i fjor, har han hatt fri frå skulegong for å jobba, men han har vore svært aktiv i mange korps. Kontakten med Stord-miljøet har han halde ved å vera med i både Stord Musikklag og Stord Skulekorps. I tillegg har han spela og vore instruktør i Uskedal Skulemusikk der han har over ti års fartstid. Han har også spela ein del saman med Veteranbandet i musikklaget. Dessutan spela han med Rosendal Musikklag i NM i februar. På bildet har nett Nils Rainer mottatt blomar og gåve for god innsats som hjelpeinstruktør i skulemusikken sist sesong.

Til hausten går ferda vidare til Bergen og studiar på linja for utøvande musikarar ved Griegakademiet. Då skal han spela med det gode korpset Askøy Brass som for tida spelar i 1. divisjon. I siste NM plasserte korpset seg som nr. 8 i denne divisjonen, men korpset har tidlegare vore oppe og smakt på nivået i elitedivisjonen. I Askøy Brass kjem han til å spela under to av dei mest profilerte norske korpsdirigentane. Svein Henrik Giske er fast dirigent medan Reid Gilje, fast dirigent i Eikanger-Bjørsvik, er prosjektdirigent. I tillegg til å vera dyktige musikarar og dirigentar er dei også svært anerkjente komponistar. Giske har m.a. skive bestillingsverk til Eikanger-Bjørsvik til konkurransar og andre store konsertar.
Eit artig samantreff er det at Trude Berntsen, svært god euphoniumspelar i Uskedal Musikklag i fleire sesongar på slutten av 1980-talen, var svært sentral då kontakten med Askøy Brass blei formidla. Trude har etter det spela i mange gode korps i Bergensområdet. Ho er framleis svært aktiv og har eit stort kontaktnett. Ho har ikkje gløymt Uskedalen, og kvar sommar tar ho kontakt for å høyra om det er ivrige korpsmusikarar som skal gjera bergensarar av seg frå hausten. Denne sommaren veit vi at har ho vore i kontakt med ein lovande musikar til.

Vi ønskjer Nils Rainer lukke til med utviklinga i Bergen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland