Statistikken syner at det har vore nedgang i folketalet i Uskedalen dei fire siste åra. Med eit folketal på 1034 er Uskedalen likevel den 5. største bygda i Kvinnherad bak Husnes, Sunde, Valen og Rosendal. Nedgangen det siste året er på 6 personar. Det er ikkje uventa når ein tek omsyn til elevtalsutviklinga, der det også er registrert nedgang. Folketalet aukar mest på Husnes noko som mellom anna har samanheng med opninga av Seniorsenteret. I det nye seksjonsbygget finn vi innflytting frå mange bygder i Kvinnherad, også frå Uskedalen.

Sentraliseringsbylgja,vi ser i mange kommunar, er ikkje like eintydig i Kvinnherad. Nokre mindre bygder har auke i folketalet, som Ølve og Seglem. Sandvoll, som hadde auke i fjor, har i år ein nedgang på heile 15 personar. Åkra har ein nedgang på 10 personar. Uskedalen hadde sitt største folketal i 2017. Då var folketalet 1074 innbyggjarar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto
Kjelde: Grenda