Koding med super:bit

Ved Uskedalen skule var heile skuledagen i går via til naturfag. Elevane var delt inn i aldersblanda grupper, og fekk læra om naturfag gjennom aktivitetar både ute og inne.

I går var det naturfag som stod i fokus ved Uskedalen skule. Alle elevane var delt inn i aldersblanda grupper, og fekk vera med på mange kjekke og lærerike aktivitetar både ute og inne.

Elevane i 1.-3.klasse starta ute der dei ved hjelp av ulike materiell dei fann i naturen, skulle laga eit skjelett. I tillegg hadde dei forsøk med mentos i brus. Når elevane kom inn gjorde dei eksperiment på kjøkkenet der dei laga elefant-tannkrem og slim, medan dei i klasseromma fekk vera med på ulike eksperiment som å spidda ein ballong, flytande terningar, fastlåst finger og stabla bøker på eggeskal.

Her lagar dei slim på kjøkkenet

I 4.-7.klasse brukte alle elevgruppene ein av timane ute, der dei gjennomførte ein natursti med ca. 25 postar. Inne var det 3 stasjonar der elevane var med på både flaskekappløp, ulike eksperiment med vatn, samt koding med super:bit. Fleire ulike aktivitetar, som gjennom praktisk læring er med på å byggja opp under elevane sin kompetanse i naturfag.

Tekst/Foto/Nett: Odd Steinar Arnesen