Det landsdekkande Bondbladet har over ei heil side teke inn fråsegna frå Uskedal Bondelag om klimagassutslepp og metanhammar i foret. Ikkje nok med det. Redaktøren har skrive leiarartikkel om det same tema der det vert vist til Uskedal Bondelag sitt arbeid. Å koma på leiarplass i ei avis heng høgt. Leiaren gjev uttrykk for avisa sin haldning i viktige tema og spørsmål. Uskedal Bondelag i bygda har med den grundige utgreiinga skapt merksemd på nasjonalt nivå. Les meir og vi tek med eit utdarag frå leiaren i Bondebladet.

Cruisetrafikken til Norge er tilbake for fullt etter pandemien. Totalt vitja 4,267 millionar passasjerar norske cruisehamner i 2022. Kystverket estimerer at talet vil auke meir, og ifølgje analysen «Trender og utvikling i cruisetrafikken i norske farvann mot 2040», ventar Norge å få ein jamn auke i antal cruiseskip i åra framover.

Mange turistskip styrer forbi Kvinnherad og innover Hardangerfjorden. Styret i Uskedalen Bondelag lurer på kvifor mjølkebøndene skal starte med metanhemmar i fôret, samstundes som vi skal fly til og frå stadig større beist av turistskip, og sidan reise på cruise, sjå Bondebladet nr 50.

Det er bra landbruket følgjer opp klimaavtalen og innfører ulike klimatiltak, men klimasukket frå bøndene i Uskedalen går an å forstå. Det er store utfordringar som skrik etter tiltak. Kva med høgare miljøavgifter på fly og cruisereiser?

Det er bra landbruket følgjer opp klimaavtalen og innfører ulike klimatiltak, men klimasukket frå bøndene i Uskedalen går an å forstå. Det er store utfordringar som skrik etter tiltak. Kva med høgare miljøavgifter på fly- og cruisereiser?

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Marie Hatlevoll