Stadig nye, flotte songartistar med tilknytning til Uskedalen er “plateaktuelle”. Neste artist ut er unge og talentfulle Nanna Sofie frå Korsnes i Uskedalen og Rosendal. Den 5. mai slepp ho sin andre singel “Looking at me”. Nanna Sofie Fredheim, som studerer i Bergen, er allereie godt kjent i kvinnherske musikkretsar. Svært ung blei ho lagt merke til for si imponerande songstemme når ho opptredde. Men så er ho også arveleg belasta som dotter til den allsidige og dyktige musikkmannen Atle Fredheim som spela nokre av sine første tonar i Uskedal skulemusikk.
Nanna Sofie lagar musikken sin sjølv, og i tillegg til å presentera eigen musikk, deltar ho også på utgjevingar frå andre artistar. Ho har mellom anna bidrege med utsøkt koring på Bjørn Moe sin første singel “The Book”.
Nanna Sofie er eit at namna på plakaten til den nye Vidsyn Musikkfestival i Rosendal som går av stabelen 9.-10. juni.
Det er Erik Grønner som har produsert “Looking at me”.
Det blir spennande å følgja talentet si vidare karriere! Vi kan følgja Nanna Sofie på artistsida hennar på facebook.

Spennande singel med utsøkt cover.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Jorun Larsen/ Monica Hansen