Nær på ein halv million kroner i gåve til 10 gode tiltak
På gåvelista til SpareBank 1 – stiftinga Kvinnherad finn vi 10 utvalde prosjekt og tiltak i Uskedalen. Det utgjer ei samla løyving på kr. 465.000,-. Gåvetildelinga gjeld for våren 2021. Fire av tildelingane vert definerte som Covid 19, kompensasjon for bortfall av inntekter.
Gåver til lag og organisasjonar i Uskedalen:
- Uskedal Idrettslag: kr. 90.000,- til Klede skaper samhald
- Uskedal Musikklag: kr. 50.000,- til innkjøp av instrument
- Uskedal Ungdomslag: kr. 60.000,- til opprustning av Helgheim
- Uskedal Ungdomslag: kr. 25.000,-, Covid 19 kompensasjon
- Uskedal Ungdomslag/hyttestyret: kr. 30.000,- til oppgradering Fjelly
- Uskedal Utvikling: kr. 50.000,- ,Covid 19 kompensasjon
- Uskedal Idrettslag: kr. 50.000,-, Covid 19 kompensasjon
- Uskedal Idrettslag, klatregruppa: kr. 70.000,- til klatretak og utstyr buldrerom
- Uskedal skulemusikk: kr. 25.000,-, Covid 19 kompensasjon
- Uskedal Friluftlag: kr. 15.000,- til møterom m/ skjerm og nettløysing
Dette utgjer ei samla løyving på kr. 465.000,-. Det totale gåvetildelinga frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad i vår lyder på heile 9,6 mill. kr.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal