Hus i Uskedalen sel seg godt for tida. Det er kort tid frå utlysing til nye eigarar overtek. Seinast no i mars månad er to nabohus i Halsabrotet selde. Tidlegare eigarar har flytta, anten til ny einebustad eller til Seniorsenteret på Husnes. Fleire døme syner at det må vera populært å finna bustad i bygda.

Særleg yngre familiar finn seg til rette og prioriterer å bu sentralt med kort veg til skule, barnehage, idrettsanlegg og andre sentrumsfunksjonar. Dei to husa i Halsabrotet er:

Halsabrotet 105

  • Halsabroet 103 er seld for 4,3 mill kr. Nye eigarar er Eirik Lauvås Alver og Lene Kristin Alver. ( Bilete på topp )
  • Halsabrotet 105 er seld for 4,2 mill kr. Nye eigarar er Mariel Musland Madsgård og Torbjørn Haugland Næs.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Grenda