Nyleg dukka det opp ei koseleg julehelsing i ein postkasse i Halsabrotet. Sidan helsinga var anonym, har dei takksame mottakarane kvittert med denne takkehelsinga gjennom uskedalen.no:
“Vi fann ei søt lita julehelsing i postkassa i Halsabrotet her om dagen.
Helsinga har ingen avsendar, så kven den snille julehelsaren er, veit vi ikkje.
Koseleg var den i alle fall 
Sidan avsendar er ukjend, får vi jo ikkje takka for helsinga.
Men kanskje vi kan gjera det gjennom Uskedalen.no. Vi er jo sjølvsagt veldig nysgjerrige på kven som står bak dette koselege påfunnet!
Det kan vel ikkje vera rampenissen? Eller kanskje rampenissen er berre snill i år?

Mvh
Monica Hansen
& Bjørn Moe”

Slik var den julepynta konvolutten utanpå.
Nett: Thor Inge Døssland