Det er mange utsegn som knyter seg til folketrua om det viltveksande treet rogn eller raun som nokre seier. Rogn høyrer til rosefamilien og har kvite blomar og raude bær. I år finn vi rogn med svært mykje bær. Kva fortel det oss frukthausten og om veret i tida framover. Har du utsegner til dette, send til uskedalen.no@gmail.com.

Her er nokre utsegn:

  • Store, raude og blanke rognebær er eit sikkert verteikn på at det vert ein god sommar.
  • Mykje rognebær – mykje frukt.
  • Mykje rognebær – lite makk i epla.
  • Tre kan ikkje bera to bører.
  • Rogn ber ikkje tungt to gonger.
  • Lite rognebær – lite snø i fjellet

Folkeminnesamlaren Haldor Opedal frå Sørfjorden skriv i bokverket Makter og menneske bd. 12: Bar raunen rikt med bær, kunne ein venta mange born fødde utanfor ekteskap i komande år.

Har du ordtak til rogn med mykje eller lite bær, la oss få vita det.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal