Mykje rognebær i år - kva fortel det oss.
Det er mange utsegn som knyter seg til folketrua om det viltveksande treet rogn eller raun som nokre seier. Rogn høyrer til rosefamilien og har kvite blomar og raude bær. I år finn vi rogn med svært mykje bær. Kva fortel det oss frukthausten og om veret i tida framover. Har du utsegner til dette, send til uskedalen.no@gmail.com.
Her er nokre utsegn:
- Store, raude og blanke rognebær er eit sikkert verteikn på at det vert ein god sommar.
- Mykje rognebær – mykje frukt.
- Mykje rognebær – lite makk i epla.
- Tre kan ikkje bera to bører.
- Rogn ber ikkje tungt to gonger.
- Lite rognebær – lite snø i fjellet
Folkeminnesamlaren Haldor Opedal frå Sørfjorden skriv i bokverket Makter og menneske bd. 12: Bar raunen rikt med bær, kunne ein venta mange born fødde utanfor ekteskap i komande år.
Har du ordtak til rogn med mykje eller lite bær, la oss få vita det.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal