Veterannissane i musikklaget er stadig på farten i desse førjulstider. Målet er at musikken skal bidra til god julestemning. Siste spelinga før jul blir vesle julaftan kl. 16. Då plasserer bandet seg i sentrum ved Gamleskulen og speler eit juleprogram på 12 nummer. Med den plasseringa vil musikken tona ut til ganske mange i tillegg til dei som kjem og høyrer på i ein travel innspurt. Musikarane seier at dei trur det blir ein stemningsfull konsert der tonane sprer seg ut over bygda medan kveldsmørket senkar seg.

Denne spelinga blir truleg den siste for den aktive og speleglade gjengen i 2021. Etter den lengste spelepausen på mange år i starten av året pga koronaen, blei det få spelingar før sommaren. I hausthalvåret har det vore mykje betre, og gjengen kan sjå seg fornøgd med aktiviteten sjølv om hovudtyngda av dei 10 opptredenane dette halvåret har måtta vore utandørs. I tillegg har 4 opptredenar måtta avlysast også i hausthalvåret.

Musikkgjengen ber oss om å overbringa ei helsing om god jul og godt nyttår til alle gode publikummarar og støttespelarar. Den musikalske helsinga blir altså overbringa vesle julaftan kl.16 og ein god halvtime utover.

Bandet gler seg til mange kjekke opptredenar i 2022.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian Bringedal