
Musikklaget gledde mange med Skomværsvalsen og det som kan vera ei kongeleg skipsklokke.
Tysdag i denne veka var Uskedal musikklag saman med Uskedal helselag på Rosendalstunet med Syng med oss. Helselaget har ansvaret for maten tre gonger i året. Musikklaget legg inn institusjonsbesøk kvart halvår. På repetoaret til Veteranbandet finn vi eit variert utval av musikk, framført solo og i eit allsongprogram med overskrifta Song og Musikkglede.

Sentralt i framføringa denne gongen var Erik Bye sin Skomværsvalsen med melodi av Bjaren Amdahl. I eit Vi går ombord program i 1959 ville Erik Bye samla og markera dei attlevande frå seglskuta Skomvær av Porsgrunn by. Sju gastar møtte fram. Den eldste var 85 år, henta til NRK i Oslo like frå Japan. Skipsklokka er det einaste som er att frå Skomvær. Skipsklokka står på Sjøfartsmuseet på Bygdøy.

I framføringa til Musikklaget vart det brukt ei skipsklokke som kan vera kongeleg og dermed unik. Klokka, kjøpt på auksjon på Sandnes i 2008, har engelsk inskipsjon og kongeleg monogram. Ståle Eik har laga stativ i ask og lønn, dekorativt og vakkert gjennomført.
Uskedal msuikklag har meir på programmet før sommarferien:
- Speling ved SPAR – loddsal
- Nasjonaldagen 17. mai
- Tysdag 27. mai: Kafe Tiaren
- Tysdag 17. juni: Friluftskonsert på Stemneplassen

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Gunnlaug Eik