Cruiseskipet SPIRIT of ADVENTURE gjekk Storsund i dag på si reise frå Rosendal til Nordfjordeid. Det nær på 60 000 tonn store skipet, bygd i Tyskland i 2017, er det størst av alle turistskip som har lagt turen på innsida av Skorpo denne sommaren. Saga Cruises i England er eigar. Passasjertalet er rundt 1000 og SPIRIT of ADVENTURE har eit mannskap på 540. Skipet med heile 15 dekk rigga godt i Storsund i dag. Etter seglingsplanen er same skipet tilbake i Rosendal 19. september. Det har elles vore ein stor dag for cruisenæringa i Sunnhordland i dag. MS ROTTERDAM kom til Leirvik på Stord. Skipet kunne ikkje gå til kai, men la seg til på Vikafle.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Drone - Hans Ordin Østebø