Etter seglingsplanen er det meldt inn 30 cruisanløp i Rosendal i sommar. Mange av tuistskipa går Storsund, nokre berre på ut på ettermiddag/kveld, andre som OTTO SVERDRUP ut og inn på same dagen. Eit anna skip tilhøyrande Hurtigruten er MS MAUD. Begge skipa til tekne ut av kystruta og går berre i cruisefarten. OTTO Sverdrup, som før hadde namnet FINNMARKEN, opna og avsluttar sesongen. Fyrste anløp var alt 4. januar, siste dag er 25. oktober. MAUD er ført opp med fire turar med destinasjon Rosendal.

MS AMERA er eit av dei større turistskipa som går Storsund, her fotografert for nokre veker sida,.

Dei største cruiseskipa på Eidfjord går til vanleg ikkje Storsund. Det er god plass og nok vatn, men som ofast går dei strake fjorden fram til neste destinasjon påfylgjande dag. Losane må ha godkjenning for å kunna gå Storsund. Bjørn Helge Hjelmeland frå Herøysundet er ein av dei. Han har vore mykje los ut og inn til Mongstad, men han losar alle typar skip på heile kysten. Fred Olsen sine skip legg ofte turen bort til Furebergsfossen og stundom gjennom Høylandssundet og inn Åkrafjorden for mellon anna sjå Langfoss.

Uskedalen.no er kjend med at eit større turistskip med gjester, som bur lengre tid ombord, kan koma til å gå Storsund og kanskje gjera eit stopp i Uskedalen. Det er i august månad.

Luksusyacht – ein av mange i sommar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal