Sundag i 14 tida kom MS BJØRGHILD til Skorpevågen og la seg til på det som har vore ein merka ankringsplass i mange år. Eigar og skipper i dag er Robert Larsson, skipsingeniør frå Tyskland, men bur no i Bergen. Fartyet er bygd som ei skøyte i 1915 på Moens båtbyggeri i Risør for ein redar i Bergen. Den kjende båtkonstruktøren Knut Christenesen har teikna fartyet. I dag er BJØRGHILD ombygd som kutter, 62 fot og går med ein Cummins maskin på 300 HK. Larsson starta restaureringa i 2004. Det ytre arbeidet med mellom anna skifte av plank og hud var ferdig i 2019. Så var det å ta til med interiøret og dermed all innredning. På heimesida bjorghild.com kan du lesa meir om det store og omfattande arbeidet eigaren har lagt ned i dette prosjektet.

Frå 1920 høyrde fartyet heime på øya Horgjo i Austevoll. Namnet var BR. HORGEN og skuta vart mellom anna brukt på landnotfiske som lossement. Fartyet gjekk også i råstoffarten på Oslofjorden. Neste bruksområde er på Sognefjorden, i mjølkeuta Rutledal – Høyanger fram til 1969. Brynjar Takle har skrive ein lengre artikkel om fartyet i På Flua, årbok for Brekke Sogelag 2011.

Robert Larsson fortel til uskedalen.no at turen går vidare inn Harangerfjorden. Målet er Norheimsund. Dagane på Skorpo har vore fine. Dei har ikkje vore her før og kjem gjerne tilbake.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal