Kvinnherad og Uskedalen var godt representert på Motvind festivalen i Haugesund i denne veka. Frå Uskedalen møtte Astrid Døssland, Møyfrid Kristoffersen og Ingunn Olsen saman med Annemor Ekeland. Dei representerte Nei til vindkraft i Kvinnherad. Dei fekk vera med på ein festival og eit program med fagleg påfyll og gode drøftingar. På konferansen var det mellom anna direkte overføring frå Mjelkøya og pressekonferansen der. Måndag kveld var dei med på ei symbolsk stenging av anlegget i Hersdalen, saman med Hersdalsgjengen. På same tid har kraftbransjen sin konferanse i Haugesund. der eit av mange tema er utbygging av vindkraft på sjø og land. Motvind Norge har stand på Rådhusplassen med mellom anna utdeling av brosjyrar.

Bak f.v: Anita Haukås Oppedal ( fylkesleiar Motvind Vest ), Astrid Døssland og Annemor Ekeland. Framme f.v: Møyfrid Kristoffersen og Ingunn Olsen.
Tekst: Henta og redigert frå Facebook Nei til vindkraft i Kvinnherad
Foto: Privat
Nett: Kristian Bringedal