Motorsykkelulukke på Ljosnes.
Om lag kl. 16.00 i dag, sundag 27. juni, rykte branntroppen i Uskedalen ut med retning Ljosnes. Det var ei motorsykkelulukke. Sykkelen og førarane skal ha køyrd av vegen og rulla ned ein skråning. Føraren er bevisst, men klagar seg for smerter. Naudetatane er på plassen. Trafikken går som vanleg framom ulukkesplassen. Redaksjonen gjer merksam på at bilete er frå ei anna hending.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal