Reiselivsmannen og turoperatøren Jan H. Sunde frå Uskedalen er på plass i resepsjonen på Olden Fjordhotel. Det er sommarjobben hans i tillegg til å vera guide og reiseleiar på hurtigruta og på elvecruise i Europa. Jan er pensjonist, men alderen på 76 år er inga hindring for å vera aktiv i eit marked han kjenner betre enn dei fleste. Det avgjerande er god helse og ei genuin interesse for turisme og reiseliv.

Jan H. Sunde er altmogelegmann på Olden Fjordhotel. Her slår han kantane i grensa mot riksvegen.

Uskedalen.no la sommarturen til Loen og Olden med mellomstopp i Årdalstangen, Geiranger og Leikanger. Olden og Loen med overnatting på Olden Fjordhotel er eit godt val. Vegen er kort til Briksdalen og til Loen Sky Lift som tek deg over tusen meter opp på fjellet og det på under 10 minuttar. Cruisebåtkaien ligg i Olden, berre nokre hundre meter frå hotellet. Brynestad med sine SeaDream 1 og 2 har fast stopp i Olden.

Jan H. Sunde fortel om bakgrunnen for kvifor han brukar fleire månader i sommarhalvåret på å vera resepsjonist, vaktmeister og altmogelegmann på hotellet. Det var Muri familien som bygde opp plassen, hotellet har i dag 60 rom med 120 senger, restaurant og bar. Ingen i familien ville halda fram hotelldrifta. Difor vart hotellet seld til to brør frå Loen. Dei trong nokon som kunne faget og Jan og ein kollega frå reiselivsbransjen i Bergen heiv seg rundt, reiste til Olden og driv hotellet fem månader kvart år. I friperiodane vert det ofte ein eller to turar på Hurtigruta som reiseeleiar. Det neste no er ei gruppe som skal på elvecruise. Jan H. Sunde og driv framleis selskapet Run Way Norway.

Loen Sky Lift og Briksdalen er dei mest populære turmåla for tida.

Olden og Loen er eit populært turmål for tida. Det er stor tilstrøyming av reisande. Olden Fjordhotel ligg sentralt til med kort køyring til sentrale attraksjonar. Plassen er fin, maten er god, vertsskapet er framifrå og det er ikkje noko å sei på prisen heller. God tur !

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat/Kristian Bringedal