To ungdomma sentrale aktørar i markeringa på Stemneplassen kl.10.

I år er det gjort nokre endringar i programmet på nasjonaldagen frå det som har vore vanleg dei siste åra. Det som er mest merkbart, er at folketoget ikkje skal gå oppom Stemneplassen, og det såg også ut til at den viktige minnemarkeringa der ville falla ut av programmet.
Uskedal Friluftslag tok på seg ansvaret for denne markeringa dette året på svært kort varsel, og dei to ungdommane, Kristian Da Silva Øvstebø og Nils Rainer Vågen, tok på seg viktige oppgåver på endå kortare varsel. Kristian skal halda minnetalen, og Nils Rainer skal ha musikalsk innslag og i tillegg spela til songane. Dermed er denne viktige markeringa av takksemda for fridommen vår redda. I og med at 17.mai-komiteen sitt program var lagt, og toget ikkje skulle oppom Stemneplassen, måtte dette leggjast først i programmet. Eg oppmodar alle til å komma på Stemneplassen og høyra på dei to flinke ungdommane, og minnast heltane som kjempa for fridommen vår. Dette har kvart år vore ein flott og verdig programpost med mykje folk der flinke Uskedalsungdommar gjennom åra har levert svært gode bidrag! Programmet er altså kl.10. På bildet øverst ser vi Kristian Øvstebø, russ av året, som altså på svært kort varsel tok på seg å halda minnetalen på Stemneplassen.

Nils Rainer Vågen er svært dyktig på euphonium, og han syt for musikken under minnemarkeringa på Stemneplassen.

Etter markeringa på Stemneplassen følgjer to tradisjonsrike programpostar; – gudsteneste kl.11.15 og minnemarkeringa ved Bautasteinen der 5. klasseelevar som vanleg les Olaf Agnar Gausvik sitt gode dikt ” Ved Bautasteinen”, og Uskedal Musikklag spelar nasjonalsongar og marsjar. Det er kl.12.30. Dei som vil høyra musikklaget på 17.mai i år, må komma der, for sidan 17.mai-komiteen har valt å gjera programmet kortare, blir dei ikkje å høyra i hovudprogrammet. Vanlegvis har dei vore med der kvart år sidan dei blei skipa i 1936. Sjølvsagt med unnatak av krigsåra.

Etter markeringa ved Bautasteinen går folketoget først til Eikebruo, snur der og går så tilbake til skulen. Der blir det leikar for born og vaksne ute og salg av mat og drikke i Aktivitetshuset frå kl.13.30.
Kl.14.30 er det klart for festprogram i Aktivitetshuset med musikk av Uskedal skulemusikk og tale for dagen av redaktøren i Grenda, Håvard Sætrevik. I tillegg blir det trekking av gevinstar på programma som er selde.

Vi ønskjer alle ein god 17.mai frå start til mål. Møt opp og feir denne viktige dagen!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland