Torsdag 10. februar kjem ein av dei fremste Russland-reporterane i Noreg, Morten Jentoft, til Kvinnherad Senioruniversitet. Med fokus på «Finland – frå borgarkrig til moderne velferdsssamfunn», vil Jentoft snakke om borgarkrigen og det ofte problematiske i forholdet til Russland i finsk historie, frå då og fram til i dag. Det moderne Finland starta si historie på verst mogeleg måte, gjennom ein blodig borgarkrig som kravde meir enn 37 000 liv. Korfor blei konflikten i det austlege grannelandet vårt så brutal, berre vel 10 år etter at landet hadde fått allmenn stemmerett og på papiret, Europas mest demokratiske styreform?

Journalist og forfattar Morten Jentoft har skrive boka “Finland 1918”, om nordmenn i den finske borgarkrigen. Med utgangspunkt i denne og i det ofte problematiske forholdet til grannelandet Russland, skal han snakke om finsk historie og ende opp i den dramatiske internasjonale situasjonen vi har i dag, der Finland med si lange grense mot Russland står svært sentralt.  Morten Jentoft er journalist i NRKs utanriksredaksjon og har i tillegg til “Finland 1918” skrive ei rekke bøker om forholdet mellom Norge, Norden og Russland.

Møta i Senioruniversitetet er opne for alle interesserte som har høve til å delta på arrangement midt på dagen. Denne gongen vert møtet i Rosendal Samfunnshus.

Koronareglane er letta litt på, men ta med munnbind. Det vert ikkje servert kaffi og noko å bita i etter foredraget

Vel møtt!

Tekst/foto;: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal