MORTEN JENTOFT ER FØRSTE GJEST I SENIORUNIVERSITETET DENNE HAUSTEN. Torsdag 7. september kjem NRK- veteranen Morten Jentoft attende til Kvinnherad senioruniversitet. Han gjesta oss også for to år sidan. Den gongen snakka han om Finland. Denne gongen har han takka ja til å oppdatera oss om kva som skjer i Ukraina. Møtet er i Rosendal samfunnshus kl 11, og overskrifta denne gongen er : Kan det bli fred i Ukraina?

Morten Jentoft, fødd i Bergen i 1956, er kjent som ein allsidig journalist og forfattar. Han snakkar m.a. samisk, russisk og finsk og er mykje nytta i NRK som ekspert og utsend medarbeidar, m.a. i Finland, Polen, Russland og no seinast i Ukraina. Alle har vel sett reportasjane hans dei siste to åra frå slagmarka i aust-Ukraina. Alltid er han imponerande godt orientert om kva som skjer. Han er språkmektig, og han har ein eigen evne til å koma tett innpå folk og lagar gode intervju med både fagfolk, politikarar og folk i gata.

Han har lang erfaring som NRK-korrespondent i Moskva og har heilt ferske inntrykk frå krigsherja Ukraina. Det skal bli svært spennande å høyre han snakka over temaet: Kan det bli fred i Ukraina? Etter føredraget vert det som vanleg sosialt samvere og enkel servering. Senioruniversitetet er ope for alle som har lyst og høve til å møtast på ein torsdag førmiddag.

Vel møtt til nytt semester!

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal