Lesestund med kveldsmat tirsdag 1.oktober kl.18.

Uskedal Utvikling har fleire kjekke ting på programmet i tida framover, og dei startar sterkt. Tirsdag 1.oktober kjem forfattaren Mona Vetrhus og les frå barneboka ho nyleg gav ut, Nattklubben. Boka har fått veldig god mottaking frå både kritikarar og lesarane. Både innhald og dei flotte illustrasjonane får topp karakter. Målgruppa for barneboka er frå 4 år til 100.
– Eg syns vi verkeleg måtte markera dette. Det fortener jammen Mona, seier leiar i Uskedal Utvikling, Gunn Mari Moberg, som også hadde idèen til det kjekke arrangementet. Ho legg til at UU håpar på stort frammøte og lovar god kveldsmat både til liten og stor. Arrangementet begynner kl.18, og i og med kveldsmaten blir servert, er det planen at det skal gå fint å nå heim til leggetid.
Det blir ein flott mulighet til å komma og lytta, drøsa og kosa seg saman med andre. Dette blir ei triveleg stund både for liten og stor!! Og på toppen av alt er det heilt gratis.

Mona Vetrhus les frå den kjekke boka si NATTKLUBBEN i Gamleskulen

Møt opp. Med lesing av NATTKLUBBEN og god kveldsmat kan alle gå fornøgde heim til ei god natts søvn.

Uskedal Utvikling har fleire kjekke tilbod på planen framover!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto