Vakkert kunstportrett av Fosse, laga av Gaute Haugland.

Som ein del av Jon Fosse markeringa i helga med mellom anna direktesendt program frå Det Vestnorske Teater har P2 lagt inn reprise på Mona Vetrhus sine invervju med forfattaren. Jon Fosse er fødd i Haugesund og vaks opp i Strandebarm. Mona Vetrhus frå Uskedalen har intervjua Jon Fosse fleire gonger, mellom anna i den tida ho var tilsett i NRK som programleiar for Diktafon. Jon Fosse er dessutan tremenning til far hennar, Kåre Vetrhus. Bestemor til Mona er kusine til Jon Fosse si mor. Mona har laga eit program med han og om dikta hans. I tillegg har ho laga ein radiodokumentar om han. Mona har bøker av Jon Fosse med personlege helsingar. Mona gler seg med alle som hyllar Jon Fosse i dag. Ho er særleg glad for at nynorsken med dette har fått sin fyrste Nobelpris. Fosse skriv godt og er den mest spelte norske dramatikaren sidan Ibsen. Kunstnaren Gaute Haugland som voks opp som naboen til Mona, er meister for det gode portrettet av Jon Fosse over. Dette laga han då det blei kjent at Fosse var tildelt Nobels Litteraturpris.

Mona Vetrhus har intervjua Jon Fosse fleire gonger.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Foto av kunstverket til Gaute Haugland og Privat