Den store endringa i årets 17. mai pogram er at minnemarkeringa på Stemneplassen er kl. 10.00, ikkje som ein del av folktoget slik det har vore før. Uskedal Friluftslag er tilskipar og programmet er klart for kunngjering. Det vert minnetale ved Kristian Øvstebø. Kristian er russ i år. Mange kjenner han frå idretten som ein lovande løpar. NIls Rainer Vågen stiller med musikalske innslag. Nils Rainer er ein dyktig korpsmusikar. Han spelar eufonium og er aktiv både i Uskedal skulemuskk og Uskedal Musikklag. I tillegg spelar han i to korps på Stord. Velkomne til ei verdig og høgtidleg markering på Stemneplassen 17. mai kl. 10.00.

Nils Rainer Vågen på eufonium med soloinnslag og tonefylgje til songane på minnemarkeringa 17. mai kl. 10.00 på Stemneplassen.
Tkst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland