Minnegudsteneste og ljostenning i Uskedal kyrkje.
Alle Helgensdag er sundagen vi særleg minnest dei som døydde det siste året. Namna på dei 11 personane vart lesne i kronologisk rekkjefylgje, frå Ruth Sæle gravlagd 12. november i fjor til den siste, Norunn Andreassen, gravlagd 14. september i år. Minnegudstenesta omfattar alle uansett kva tid ein døydde og vart gravlagd. Det vert tend ljos i globen ved kvart namn. Kyrkja sender invitasjon i forkant til alle pårørande. Det var frammøte frå fleire familiar. Mange nytta høve til å tenna ljos ute på gravene denne dagen og på kvelden.Til slutt les presten bøna: Vi takkar Deg for dei som har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. Du har sett oss eit evig mål hos Deg.
Les namna her:
- Ruth Sæle
- Alf Eidsvik
- Kristine Steinsletten
- Jan Bakke
- Grete Marit Snilstveit
- Tor Jan Lakselv
- Marit Johanne Bakke
- Anna Rød
- Harald Leif Snilstveit
- Anna Augusta Wiese Arnesen
- Norunn Andreassen
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal