I samband med Friluftslaget sitt loddsal og Historielaget sitt boksal i morgon, laurdag 16. mai, frå kl. 10.30, vert det song og musikk i Utestovo kl. 12.00. To Rustne Menn legg opp til ein minikonsert med eigne framføringar. I tillegg vert det allsong med kjende tekstar og melodiar.

Uskedal Friluftslag sitt vedlotteri er inne i dei fire siste vekene før trekking på Friluftskonsert i veke 25. Kr. 100,- pr. lodd og du kan vinna 5, 10 eller 15 sekker ved. Derso du ikkje har høve til å koma til SPAR i morgon, kan du VIPPSA og loddkjøpet vert registrert og ført inn i loddboka.

Uskedal Friluftslag sitt vedlotteri har trekking i veke 25.

Uskedal Historielag sel bøker og teiknar medlemsskap. Bok 1 i serien Den nære fortida er utseld. No kan du sikra deg bok 2 og 3 i tillegg til utvandrarboka Med von om ei betre framtid.

Ikkje alt kostar pengar. Jubileumshefte til Uskedal Musikklag ( 50 år ) er gratis.

Velkomne til alle.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto