Kanonbåten TYR frå 1887, omygd til mineleggjar 1910 og kjend frå krigshendingane våren 1940, skal restaurerast. Det kom fram på eit innslag på NRK Hordaland i går. Frå hausten 1939 var TYR brukt på nøytralitetsvakt. 9. april la dei ut miner i Lerøyosen og i Raunefjorden før krigsskipet vart omdirigert til Uskedalen som ein del av Hardangerfjord Sjøforsvarsavsnitt. Etter krigshendingane i Herøysundet og Uskedalen tok tyskarane hand om TYR 20. april. I krigsåra høyrde den til tysk Kriegsmarine før overlevering til Marinen i 1945.

TYR ombygd til tungløfteskip til kai på Larsstø på Halsnøy.

I åra etter 1945 har TYR vore brukt som tungløfteskip, ferje ( Bjørn West ) og til frakteskip på kysten. Brørne Hammerøe på Sunde var eigarane ei tid. No ligg TYR på Bredalsholmen og ventar på restaurering. Skroget og alt under dekk er originalt, eit unikt farty som om nokre år vil stå fram som eit flytande krigsminne.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto/ Harald Sætre