I kommunestyremøte i dag gjekk koalisjonen bak budsjettet for 2023 inn for ei løyving på 1 mill. kroner til naudsynt vedlikehald av Bygdetunet Rød. Det er Jostein Saghaug ( MDG ) som fortel dette til uskedalen.no no i kveld. MDG har vore med i arbeidet med å forhandla fram det som ligg inne i løyvinga til bygdetunet. Det er også lagt inn 10 nye millionar til oppgradering av brannstasjonstrukturen og til mange andre gode tiltak. Etter byggkunnig tilstandsvurdering av husa på Rød, må ein prioritera taket på stovehuset. Helletaket må ned før det vert lagt nytt sutak. Så må det gamle taket på plass att. Taket på stallen er førebels sikra ved frivillig arbeid frå dugnadsgruppa. Nytt slåk ved kverna er også eit naudsynt tiltak.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Siv Framnes