Lurdag om ei veke kan du gå på Midtsumarskonsert med GLIMRAH og Kvammakoret. Konsertarena: Konsertsalen i Kulturskulen på Husnes. Det vert lagt opp til ein svært variert konsert der GLIMRAH og Kvammakoret syng 2 bolkar kvar. Temaet er midtsumar / sommartonar. Songar med tekstar og tonar som passer i den vakre midtsumartida. Stikkord er: Mystikk, natur, dans, kjærleik, blomster og fellesskap. Kveldens konfranserer  er Hallgjerd Kofoed Hegland og Maria Malmsten

GLIMRAH med sin musikalskeleiar,Maria Malmsten

Kvammakoret er eit blandakor med 45 aktive songarar. Dei kjem frå ulike bygder i Kvam. Koret feirar 30 års jubileum i år og er denne helga på blåtur og konsertturne i Kvinnherad. Dei siste årea har dei spesialisert seg på større oppsettningar som Les Miserable, Abba og Porgy and Bess, men dei syng og alt frå kyrkjemusikk til viser. Dirigent Olav Skeie Lid.

Vokalensemblet GLIMRAH har no sunge saman i snart sju år. Med i voikalenseblet er 7 kvinner,  busette i Kvinnherad. Maria Malmsten er musikalske leiar. GLIMRAH syng a capella, songar frå renessansen, folkemusikk, romantisk musikk til samtidsmusikk. Ensemblet består av Gjertrud Sydnes Furdal, Lene Taranger, Ingvild Toskedal, Maria Malmsten, Sylvi Hjelmeland, Lina Frimannslund Storegjerde og Hallgjerd Kofoed Hegland.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett/redigering: Kristian Bringedal