Hyttestyret inviterer herved til Midtsommarfest på Fjelly. Vi håpar sjølvsagt på fint ver og strålande sol denne kvelden. Det er jo ikkje mykje som kan måla seg med å nyta solnedgangen frå terrassen på Fjelly. Dessutan har vi rydda naustet og har behov for å få fyr på eit duarleg Jonsokbål i fjæra. Soloppgongen ved Mannsvatnet er ikkje så verst den heller, og vil du oppleva den, tar du med sovepose, telt og-/eller hengekøye.

Det blir både mat og litt underhaldning. Vi kjem tilbake med meir info ang. program for kvelden når det nærmar seg. Vi håpar mange vil ta turen, og at vi får ei kjekk stund med god drøs, lått og løye i fjellet. Vi startar kl. 1800, og festen varer til sola står opp att.

Pris: Kr. 150 for medlemer i Uskedal Ungdomslag (kontingenten for 2024 må vera betalt). Kr. 200,- for ikkje medlemer.

Påmelding innan onsdag 19.juni til Magnhild Haugland (915 92 757) eller Anita Enæs (993 20 878) 

Tekst: Hyttestyret
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal