Avisa Kvinnheringen har i dag ein oversikt over kva som er dei meste sette videoane på youtube frå dei ulike bygdene i kommunen. Når vi søkjer på Uskedalen, er det ikkje overraskande videoar frå klatring i Ulvanåso som dominerer. Dette klatreeldoradoet som klatrarar frå Bergen oppdaga i 1987, blir kvart år besøkt av stadig fleire. Dei kjem frå alle verdens krokar. Ikkje berre frå ulike deler av Norge og mange land i Europa, men eg har snakka med klatrarar frå fjerne strøk som USA, New Zealand og Australia i tillegg, som kjem for å klatra i veggen i Ulvanåso. Felles for alle er at dei gjev klatreveggen her den absolutt toppkarakter.

Videoen frå Uskedalen som er mest sett, er lasta opp av Kullaberg Classics i 2018. Den viser sjølvsagt klatrescenar, og i tillegg er det eit intervju med Øyvind Salvesen der han fortel litt om klatrehistoria i Uskedalen. Videoen er sett om lag 8500 gonger, og på lista ein får opp i søket er det mange fleire klatrevideoar.

Ein kan sjå videoen “Joikas in Uskedalen” som varer vel 13 minutt ved å klikka her.

Eg må også legge til at eg hadde stor glede av å sjå den mest sette videoen frå Snilstveitøy. Det blei eit gjensyn med vikingkongen Paul Skorpen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Arkivfoto