Uskedal Musikklag overraskar frå tid til anna med song, som eit mannskor å høyra på. Medlemene syng godt med god artikulasjon. På Stemneplassen i går song dei refrenget på Beer Barrel Polka, den vi på norsk kjenner som Hvem er min kone? Det er ikkje fyrste gongen messingblåsarane slår til med song. Det var faktisk på julekonserten 2017 der dei song eit vers av Ein herleg dag (A perfect day) med tonefølge av Per Myklebust på kornett og Knut Steinsletten på trombone. Den lokale songen Eikedalen med tonefølge av Svein Sunde og Per Myklebust, begge på kornett, er også framført. Mange minnest då korpset song refrenget på broren Per sin sjølvlaga tekst til Lars Myklebust då han markerte 70 års dagen sin. Ved nokre høve har Musikklaget brukt solistar, mellom anna Trygve Haugland på Norge mitt Norge, 17.mai 2015. Svein Rimestad og Kristian Bringedal har også vore solistar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Thor Inge Døssland