Mellombels utbetring av fartshumpen ved busslomma.
I dag pågår det arbeid med det som med rette, er kalla den verste fartshumpen i Kvinnherad. Uskedalen.no har snakka med arbeidar frå MESTA. Det er gjort ei mellombels utbetring. Fartsdemparane må truleg fresast før det føreligg eit ferdig resultat. La oss bruka ordtaket: ” Den som ventar, ventar på noko godt”. Det er også registrert pågåande arbeid med den nedsenka kummen i vegbanen ved nedkøyrsla til Beinavikjo.
kb