No må vi berre håpa at vermeldarane til yr.no får rett. I dag var det ei sann glede å gå inn og sjekka vervarselet. Etter ein heller tung periode når det gjeld sommarveret, viser meldingane strålande festivalver Festidalenhelga. Vi hugsar dei fantastiske minnene frå Dønhaug-jordet, og med det strålande veret som er i vente vil det bli ei formidabel oppleving enten ein er der som frivillig eller som gjest.
Alle opplysningar om Festidalen finn vi på festidalen.no.
Der kan ein også melda seg som frivillig og delta i det gode fellesskapet.

Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland.